Med flagg og heiarop hadde over 100 grønkledde fotballspelarar møtt opp på Volda Stadion til innmarsj, dagen før sjølve dagen.

– Ein dag vi har venta lenge på, sa Volda-ordførar Arild Iversen før han erklærte Mørehallen for opna.

Volda fotball byrja bygginga av hallen i 2013 etter fleire års planlegging. Den 70 gonger 48 meter store hallen rommar ei sjuarbane med kunstgras og treningsfasilitetar for heilårsbruk.

– Dette er etterlengta for dei om lag 500 utøvarane i Volda fotball, seier Johann Roppen. Han er leiar i byggenemnda, og var faneberar i anledning den høgtidelege innmarsjen.